Kan King Kenny gå på vatnet?
Det har blitt ei stund sidan sist innlegg på bloggen min. Vi får skulde det på den totale utladninga som kom rundt overgangsdatoen 31. januar. At eg same dag fylte 41 ? og kjenner alderen si knusande tyngde ? har ingenting med skrive-vegringa å gjere. Neida.
Men no er det altså tid for å synse litt rundt Liverpool igjen. Og la det vere sagt med ein gong - her er det ikkje pessismisme, atterhald eller forsiktig nøkternheit som rår! For i desse dagar er det lutter glede og pur framtidstru som pregar dei aller fleste fans av Liverpool! Ikkje ein gong 1-1 mot Wigan sist helg kan øydeleggje det! Optimismen stikk nemleg langt djupare - til stor forskjell frå blaffa av tru eg har hatt dei siste åra...
King Kenny. Så enkelt kan forandringa frå depresjon til superoptimisme oppsummerast! Veni, vidi, vici sa Julius Cæsar i hine hårde - eg kom, såg og vann, er vel omtrent den norske versjonen. Og slik trur eg vi kan oppsummere King Kenny også om 2-3 års tid. For den gløden, entusiasmen og trua han har sprøyta inn i spelarar og fans i løpet av rekordkort tid er på grensa til det uforståelege.
Men å forstå transformasjonen er for så vidt ikkje så viktig, det får psykologar forske på. Eg konstaterer berre at eitt eller anna har King Kenny gjort, som har fått enorm innverknad på ALT rundt LFC. Det er trass alt dei same spelarane vi snakkar om som frustrerte oss til himmels før nyttår - med unntak av judasen som gjekk til Spartak London. Nykomarane har ikkje fått utretta all verda endå, ergo er det mykje godt den same gråsteinen - som under Hogdson tok oss til dei djupaste bølgedalar - som no spelar offensiv «pass and move» og med vilje til og tru på å vinne kampane. Liverpool slik det skal vere, med andre ord!
Det er heilt utruleg å registrere - og sjølvsagt gledeleg. Javisst, eg ser jo at vi ikkje har eit topplag per i dag. Prestasjonane svingar veldig, frå kamp til kamp og undervegs i kampane. Truleg er vi der ikkje neste sesong heller. Men snakkar vi om 2-3 år fram i tid, så er eg heilt sikker på at King Kenny har tatt oss opp i toppen - der vi jamnt kan vere med og kjempe om dei gjevaste titlane.
Men King Kenny kan ikkje gå på vatnet han heller. For å forsvare vår rettmessige og hevdvunne posisjon som klubb nr. 1 i England (og verda for øvrig) trengst det ei fornying av stallen. I så måte er det fantastisk å sjå suksessen juniorane har - der fleire har kjempepotensiale til å bli førstelagsspelarar! Og ikkje minst har vi ein manager som brukar dei på førstelaget! Gledeleg er det også å sjå at vi no har eigarar med pengar, vilje og handlekraft til å få troppen meir konkurransedyktig. Dei færraste raude vart vel glade over at Torres sveik oss - men styrken Fenway Sports Group viste då sviket var eit faktum lover godt også på overgangsmarknaden i åra som kjem. Ergo King Kenny - det gjer ingenting at du (truleg) ikkje kan gå på vatnet - det er nok at du sprer pur magi på spelarar og fans!
Avslutningsvis: Gi umiddelbart kongen kontrakt for 5 år - med opsjon på 5 til!
YNWA!





